Vatn til øl

Lagar supervatn til øl-gigant

Artikkel i Firdaposten 5. september 2016

No kan du jekke ein Carlsberg spesial – og faktisk drikke Niprox-vatn.

Florøverksemda Niprox har den siste tida satsa tyngre på bedriftsmarknaden med systema sine for å fjerne oksygen frå vatn som går i lukka røyrsystem.

– Fram til no har vi hatt store eigedomsbygg, som brukar vassboren varme, som hovudfokus. No rettar vi oss meir mot næringsliv og industri. Vi har god innovasjon om dagen og det er spennande tider, seier teknisk sjef Trond-Atle Asphjell.

Vatn i ølet
Nyleg sikra Niprox seg kontrakt med den danske ølgiganten Carlsberg; ein kontrakt av den sjeldne sorten.

– Her handlar det ikkje om vatn i lukka system i produksjonsutstyret deira, men produksjon av oksygenrensa vatn som faktisk blir tilsett direkte i spesialølet til Carlsberg, for å justere alkoholprosenten til korrekt nivå. Denne typen vatn har vist seg å vers svært godt eigna til formålet. Så langt er Carlsberg på prøvestadiget med dette, men anlegget vi har levert får gode tilbakemeldingar frå Danmark, fortel Asphjell.

Partner i Agder
For å styrke seg inn mot næringslivskundar, har Niprox inngått ein strategisk samarbeidsavtale med Agder-verksemda Skåland Rør & Industrimontasje. Dei er store innan bygging og levering av dampkjelar og røyranlegg for industribedrifter, og med Niprox sin teknologi oppå dette, vil systema dei sel og driftar, få lengre levetid, enklare vedlikehald og dermed gi økonomisk gevinst.

Å selje energi og anleggs-besparande løysingar i nedgangstider er eit tveegga sverd, fortel Asphjell:

– Somme bedrifter tek seg ikkje råd til slikt utstyr. Andre ser innsparingspotensialet og investerer i dette som eit langsiktig innsparingstiltak. Det positive er at kundar vi først kaprar, blir verande. Dei er nøgde, konstaterer han.

Rundt 1000 Niprox-anlegg er no i drift her i landet, samt nokre i Danmark. I Sverige er ein i startgropa med eit samarbeid med VVS-gigtanten Comfort, som kan bli spennande.

Norden er marknaden
– Vi vil vekse i Norden, det er målet vårt. Lukkast vi, kan det bety fleire arbeidsplassar – også i Florø, seier Asphjell

Då treng ein gode referansekundar, og Asphjell legg ikkje skjul på at å kunne notere merkevarer som Carlsberg til kundelista si, sjølvsagt er viktig. På sikt ønskjer vi også å posisjonere oss inn mot skipsbyggingsmarknaden, seier Asphjell.

Niprox Technology:

  • Grunnlagt i 2004, ti tilsette.
  • Produserer anlegg som fjernar oksygen frå vatn og gjer vatnet «snillare» mot røyrsystem.
  • Har auka omsetninga jamnt frå 2010 til 2015, frå 10 til 15 mill. Hadde eit overskot i fjor på 2,3 millionar kroner.